Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Galleri Aksdal

Prosjektgruppa: Jan Hordvik, Solveig og Emil Ueland, Gunn Bjørg Slåtto og Ingunn Moi. Gjermund Lygre er og med.
Foto: Normisjon

No er vi i gong med å planleggje ein ny gjenbruksbutikk i Aksdal, knytt til Galleri Normisjon! Draumen vår er at dette skal bli ein stad der varer kan byta eigar og dermed verta brukt meir, slik ein gevinst for miljøet. Men også ein stad der folk kan møtast og der misjonen kan få nye inntekter.

Fleire brikker er no på plass. For det første har vi fått lokalet og kontrakt med eigaren. Det er i Aksdal senter med inngong på austsida, rett rundt hjørnet for busstasjonen. Vi reknar med at det kan bli oppstart i oktober. Prosjektgruppa er i gong med å spørja etter medarbeidarar!

Ein slik butikk er driven på friviljug basis. Vi treng folk til å vera med på å setja lokalet i stand, få tak i inventar, få inn varer, transportering av varer, vera i butikken, prisa varer, laga kaffimat til kaffibordet, osv. Som de forstår er det mange ulike oppgåver, og vi oppfordrar deg til å ta ein telefon til oss i prosjektgruppa om du har varer vi kan selja eller lyst å vera med!