Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Galleri Normisjon i Aksdal er opna

Foto: Foto: Gjermund Lygre

- Eg vil takke Normisjon for at de har tatt initiativ til å starte gjenbruksbutikk her i kommunen, sa Stakkestad i talen til den mange frammøtte.

Han gler seg over at overskuddet frå bruktbutikken mellom anna skal brukast på Stemnestaden Leirstad

- Eg har sjølv vore på leir der og har gode minner frå leirane, sa ordføraren.

Han trakk og fram miljøarbeidet som gjenbruk er ein del av og samstundes at butikken kan vere ein sosial møtestad kor folk kan slå av ein prat.


Det var trengsel i butikken etter opninga i dag.

Mange frivillige
Lillian Dombestein som er leiar av Galleri Normisjon understreka også den miljøvenlege gevinsta gjennom ein slik butikk. Butikken blir dreve av frivillege og dei har allereie gjort ein god jobb med å få klar butikken til opningsfesten.

- Normisjon driv eit viktig arbeid med å gje Guds kjærleik vidare til nye menneske- på Stemnestaden, på sykehuset i Okhaldunga i Nepal gjennom butikken. Vi er også glade for god støtte frå Aksdalsenteret og andre i nærmiljøet sa Dombestein.