Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Galleri Normisjon Aksdal 1 år

​Butikksjef Gunn Bjørg Slåtto t.h saman med ei gruppe frivillige i Galleri Normisjon Aksdal på opningsdagen 15.oktober i fjor.
Foto: Lillian Dombestein

 Gjenbruksbutikken Galleri Normisjon Aksdal er stasjonert på Aksdal senter og dagen blir feira i butikken si opningstid mellom klokka 11 og 17. Jubilanten serverer kake og kaffi til alle som kjem innom. Denne dagen har gjenbruksbutikken dessutan 50 prosent rabatt på alle serviser. Galleri Normisjon Aksdal har eit bredt utval av varer for heim og hobby; møblar, husgeråd, antikvitetar, bøker og mykje anna.

Galleri Normisjon Aksdal er som del av Aksdal senter sentralt plassert i kommunen. Gjenbruksbutikken er driven på frivillig basis med rundt 50 personar engasjert i arbeidet. Butikken har ope onsdag – laurdag. Galleri Normisjon Aksdal gir halvparten av omsetninga til to arbeidsfelt i Normisjon: Stemnestaden leirstad i Tysvær kommune og ferdigstilling av eit sjukehus for fattige i Okhaldhunga i Nepal. 


 

Galleri Normisjon Aksdal opna som den sjette av dei sju gjenbruksbutikkane Normisjon no har. Sjå artikkel frå opningsdagen i fjor her. Dei andre butikkane er plassert i Oslo, Sandnes, Askøy, Iveland, Gjøvik og Sørumsand i Akershus. Gjenbruksverksemda er i vekst og vil i 2015 nå ei omsetning nær 5 millionar kroner som er ny rekord. Fjoråret gav ei omsetning på vel 3,5 millionar kroner.

Normisjon har under årets generalforsamling vedteke å utvikle Galleri Normisjon ytterlegare. Etter planen skal ein starte to nye butikkar i 2016 og to i 2017.