Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Eittårsdag: - Som på julekvelden

Frå venstre: Anne Margrethe Lindanger, Målfrid Thomassen og Anne-Lise Østensvik er frivillige medarbeidarar i prisgruppa til Galleri Normisjon Aksdal
Foto: Lillian Dombestein

Gjenbruksbutikken Galleri Normisjon Aksdal hadde like fint haustver på eittårsdagen som på opningsdagen 15.oktober i fjor.(Les om opninga her.) Siden den gong har butikken omsett for 450 000 kroner og fått fleire nye medarbeidarar. Gjenbruksbutikken er den sjette av dei sju butikkane i Galleri Normisjon. Overskotet frå drifta blir delt mellom arbeidet ved Stemnestaden leirstad i Tysvær kommune der også butikken er plassert, og eit sjukehus i Okhaldhunga i Nepal som blir støtta av Normisjon.

​Gler oss
Prisgruppa har vore med frå starten i fjor. Anne-Margrethe Lindanger, Målfrid Thomassen og Anne Lise Østenvik har saman med Hildegunn Flacké, som ikkje var til stades på eittårsdagen, hatt ansvar for å pakke opp og prise alle varer. 
   - Vi trives så godt med oppgåva, vi diskuterer og er ikkje alltid enige, men vi trives godt i lag og gler oss til kvar gong vi skal vere saman, seier damene.  - Det er litt som julekvelden kvar gong. 

Markering av dagen
Mange kom til butikken på eittårsdagen, fleire hadde sett annonse i lokalaviser og på facebook om halv pris på alle serviser og kaffe og kake til alle. Butikksjef Gunn Bjørg Slåtto hadde baka to store kaker og stod sjølv i kassen denne dagen. Ho gler seg over eit godt resultat og synes dette er ei spennande grein av Normisjons arbeid. På bildet nedanfor her er ho saman med ein kunde og med Emil Ueland som og er med i styringsgruppa for butikken. Kona hans, Solveig Ueland som og er i styringsgruppa, tok jobben med å

servere kake til alle som kom innom.  Sofakroken i butikken var godt besøkt. Der kunne kundane delta ei ein spørjekonkurranse der premien var gåvekort pålydande 500 kroner til bruk i butikken. Gjenbruksbutikken i Aksdal har eit bredt varespekter å velge mellom: Alt muleg frå bøker og leikar til servise, møblar og skikkelege antikvitetar og retro-godbitar. 

​Butikksjef Gunn Bjørg Slåtto t.v saman med Emil Ueland og fornøgd kunde på eittårsdagen i Galleri Normisjon Aksdal. Foto: Lillian Dombestein.

​Bibelord til alle
Målfrid Thomassen frå prisgruppa viser fram ein boks på disken. - Vi gir ofte kundane eit bibelord frå denne boksen. Eg har opplevd at fleire har sagt "Dette var eit ord til meg i dag. No vil eg lese meir i Bibelen." ideen har ho fått i ein annan gjenbruksbutikk. Den første boksen er alt brukt opp.  - Eg synes det er veldig meiningsfullt å gjere dette, seier Målfrid.


​Fleire av dei 50 frivillige knytta til Galleri Normisjon Aksdal er innom butikken på eittårsdagen. Dei fortel at stadig flerie har oppdaga butikken og kjem for å levere noko eller handle i butikken. Den yngste medarbeidaren på laget er Lone Hettevik Stranden (23). Ho har ansvar for butikken si facebook-side som du kan sjå her.

​Lone Hettevik Stranden synes det er fint med ein gjenbruksbutikk i Aksdal. Foto: Lillian Dombestein

Butikkens opningstider og kontaktinfo finn du her
Nedanfor her kan du sjå fleire bilder på Galleri Normisjon Aksdal på eittårsdagen.