Normisjons tiande bruktbutikk opna

Meir enn 150 menneske møtte fram då Galleri Normisjon opna sin tiande bruktbutikk på Torget på Sundre i Normisjonshuset Evjens Minne; Ål i Hallingdal, fredag 25.august.

Skrevet av: Lillian Dombestein, 28. august 2017

Narve Thorset frå Ål Normisjon klypte den raude snora og erklærte Galleri Normisjon Ål for opna. Foto: Willy Gryting

Strålande sol og skyfri himmel lokka folk til Evjens Minne denne siste fredagen i august. Dei frammøtte fekk sjå Narve Thorset frå Ål Normisjon klyppe den raude snora og erklære Bruktbutikken Galleri Normisjon Ål for opna.  Narve Thorset har leia oppussingsarbeidet av dei rundt 250 kvadratmeter store lokala som ein gong var misjonskafé, men som har stått tomme i mange år. Thorset er også medlem av styret for den nye bruktbutikken.

Tor Bringaker frå region Vestfold/Buskerud av Normisjon og Marit Bøe frå Galleri Normisjon Drammen som opna i 2016, kom også med gratulasjonar og helsingar til den nye butikken på Ål.
Og før Narve Thorset kunne klyppe den raude snora, spelte diakonen i Ål, Hilde Kirkebøen, ein marsj på fela si.

 Etter snorklypping og taler venta kaffi og festkake med Galleri Normisjon sin logo til alle frammøtte. Og kundane var ikkje seine om å sikre seg godbitar frå hyllene. Galleri Normisjon Ål har eit breitt vareutval som spenner frå møblar, serviser, bøker og kunst til klede for både barn, kvinner og menn. Bruktbutikken skal i første runde ha ope torsdag-laurdag.  Sjå opningstider her.

Dagen etter opninga av Galleri Normisjon Ål, opna kaféen Tid i underetasjen på Evjens Minne. Kaféen blei opna av ordførar i Ål kommune, Solveig Vestenfor. Kaféen er også eit viktig frivillig prosjekt med berre ein tilsett, iranske Leila Kakaei som har jobba på asylmotak i kommunen til det vart lagt ned. Mange frivillige skal få arbeidstrening i kaféen under leiing av Leila og all maten er økologisk. Diakon Hilde Kirkebøen er initiativtakar til prosjektet. Nabo til Galleri Normisjon Ål og kaféen Tid er bruktbutikken Deaf Aid. Hilde Kirkebøen la vekt på at ho ynskjer alle tre kan samarbeide og få nytte og glede av kvarandre slik at det blir ny pulserande aktivitet på Torget på Sundre, Ål.    

Les meir om Galleri Normisjon Ål på linken her.