3 år med Galleri Normisjon i Sandnes

22. oktober feira Galleri Normisjon, Sandnes 3 års jubileum. Eg var der og såg og høyrde på starten.

Skrevet av Kåre Vølstad, 24. oktober 2016

Gode medarbeidarar i kaffikroken. Foto: Thor Bjørn Tjelta

Dei kunne få butikklokale sentralt i Sandnes, i St. Olavs gate 25. Vågar vi dette? Vi må handle mykje for berre å betale husleiga? Vil vi få inn nok varer? Finn vi nok medarbeidarar for å driva dette? Men nokon trudde på prosjektet, og sette igang.

Eg såg dei som for rundt og fekk tak i hyller og reolar som passa så utruleg godt inn i lokalet, det aller meste heilt gratis. Eg såg dugnadsarbeidarane som rydda og rigga lokalet, og det vart fint. Eg såg karane som for rundt om i distriktet og henta varer, og eg såg damene som stilla ut og gjorde det stilig og fint i butikken. Eg såg eldre ektepar som kom inn i butikken med plastposar i hendene: «Vi har rydda litt heime, og tenkte at de kanskje kunne få nokre kroner for dette.» Eg såg dotter og son stå i dørgløtten etter dei hadde rydda opp i barndomsheimen. Dei kunne fortelja at mor og far var med i indremisjonen, og dei ville vera glad for at ting etter dei vart gitt til misjonen. Og fine ting fekk plass i hyller og reolar i butikken. Eg såg dei som ikkje ante noko om kva Galleri Normisjon er eller kva dei driv med, men arbeidskamarater  hadde fortalt at dei tok imot brukte ting for sal. Og då høyrde eg medarbeidarane våre fortelja om sjukehus i Nepal og graving av brønnar i Mali og mikrokreditt i Aserbajdsjan og barneleir på Horve og møte på bedehuset. Eg såg nye medarbeidarar melda seg til teneste, kvinner og menn med ulik bakgrunn og erfaring, nokon kjente og andre ukjente, og alle vart medarbeidarar. Etter som butikken voks seg større og større var det plass og bruk for alle.

Så vart butikken overfylt og for liten. Det hendte ting som ikkje hadde noko med vår butikk å gjera, og plutseleg låg det til rette for utviding. Dobla husleige – nei, det vert for dyrt, sa nokon. Sjå kor det blir lagt til rette for oss, sa andre, dette må vi satse på. Og styret gjorde vedtak om å utvide, butikken vart dobbelt så stort og vi fekk meir lagerplass. Eg såg utstillingane vart finare , omsetninga auka og medarbeidarflokken vart større. Eg såg lista over medarbeidarane – eg såg omlag 60 namn. Eg lånte øyra til dei som sat i «kaffikroken», – det er ein underleg plass. Av og til er det lystig humor og morostubbar som fyller lufta, andre gonger er det teologi og djupe åndelege samtalar. Og dei som sit der er ei herleg blanding av folk som høyrer huset til og kundar som er innom.

Eg høyrde ein av dei som arbeider med å finna nye medarbeidarar seia det slik: Ingen må bli medarbeidar i gjenbruksbutikken fordi dei føler dei må, det må vera fordi dei har lyst til å vera med. Eg har sett det meste frå starten,  og har sett litt av mangfaldet i arbeidsoppgåvene som må utførast, og det er stadig bruk for fleire medarbeidarar. Det er bruk for nokon til å fotografere og legge varer ut på internett og  andre til transportavdelinga. Det trengs fleire til ekspedering i kassa og til å hjelpa kundane tilrette i butikken, og fleire som vil tørke støv eller prate med folk i «kaffikroken». Det trengs fleire til å pakke ut  og sette priser på varene, og dei som stiller ut varene treng fleire medhjelparar.

Den som skriv dette har vore med frå starten, og han er både glad og stolt over å få vera med i eit arbeidsfellesskap der ein opplever så mykje rikt og gildt og positivt. Når kundar fortel at dei opplever det godt og fredfullt å koma inn i butikken tenkjer eg slik: Her har medarbeidarane  lukkast med å formidla noko av det gode frå Jesus til dei som kjem innom.