Galleri Aksdal

Etter eit heilt år med butikkdrift var det spanande å sjå resultatet «i kroner og øre».

Skrevet av: Gunn Bjørg Slåtto, 31. mars 2016

Anne Lise Østensvik handlar av Astrid Nordbø. Foto: Gunn Bjørg Slåtto

Vi har i 2015 hatt ei inntekt på 416 201, og det tykkjer vi er storarta. Bortimot halvparten av dette går til direkte kostnader, og noko til Hovudkontoret. Men vi kunne med glede senda kr 72 974 til Okhaldunga, som hjelp til sluttføringa av nybygget på sjukehuset der. Det er eit av prosjekta våre og pengane rekk langt i Nepal. Så kunne vi også senda same summen til Stemnestaden leirsted som er det andre prosjektet vårt. Her kjem pengane til nytte for lokalmiljøet og regionen. 
Takk for innsatsen til alle medarbeidarar i Galleri Aksdal og til alle som har leverer varer! Og til alle som har handlar!
Vi har 50 medarbeidarar, med litt ulike oppgåver. Men vi treng fleire, særleg i butikken skulle vi hatt eit par til. Det er stadig nokre som «søkjer permisjon» pga helse, lemming, reiser osv, så har du lyst å vera med, er det berre å ta kontakt.
Men alt kan ikkje målast i kroner og øre, det skal vi ikkje heller. Galleri Aksdal er blitt ein møteplass, det er også eit av måla våre, der folk stikk innom, slår av ein prat og får seg ein kaffikopp. Vi får stadig tilbakemeldingar om at der er godt å komma innom – godt å vera.

Her er eit dikt, som Kørner Høie skreiv til medarbeidarfesten for Galleri Aksdal.

Klokkå er elleve, det er åpningstid
For den som jobbe i dag på Galleri
Plenty varer av ymse slag
håpa me å få selt i dag.

Dagen i dag er ein stille dag
Ingen kunder, ikkje nåke jag.
Kor e dei, alle dei potensielle
Som her skulle berga det finansielle?

Plutselig komme to damer inn
Den eine ser på bøker, hu andra går litt lenger inn
-Me ville barra inn og kikka
Seie den yngsta, før hu returnere og nikka.

Ein time går, nå er klokkå blitt to
Kassen er tom, ka ska me tro?
Er det heilt forgjeves detta prosjektet?
Nåken tvilsomma tankar kan eg ikkje nekte

Det plinge i dørå, og inn komme fem
Ungar og voksne, dei bygge et hjem
Stolar, komfyr, hødler og teppe
Koppar og glas, får dei med seg alt dette?

Sedlar og mynt finne veien til kassen
Kjekt med denna møteplassen
Selgaren smile, og snart komme fleire andre og ser
Om her kan finnast nåke møbler og kler

Mange har prøvd sofaen og koppen
Kaffi og vafla berolige kroppen
Folk løfta blikket og smilet kom frem
Før dei sa takk og gav frå seg ein klem

Ka er det eg høyre, ka spetakkel er det?
Eg kikka inn døra, eg må meste le.
Tri damer på loftet diskutere pris
På et gammalt blomstrete teservis.

Her er volumet høgt og meiningar mange
Om ka så er verdi på ein støvsugar med slange?
Dei endar opp med et kompromiss
Og kjøparen kan få med et ekstra gebiss.

Me er stolte av Galleriet og kvinner og menn
Som samle inn ting og selge dei om igjen
Så kjekt med CD, ledningar og komponenter
Normisjons vindu i Aksdal Senter.

Takk for tida dokke gir til misjonen
Og for alltid den positive tonen
Takk for penger og hyggelige tal
Me glede oss og dele villigt me Nepal

Så skulle me hatt ein kraftig salutt
Og markert at nå er diktet her slutt
Men takk til alle, Gunn Bjørg og resten
Me unne dokke høg stemning på festen.