Galleri Ål: Nådde målet første året

Sist helg feira bruktbutikken Galleri Ål, som held til på misjonshuset Evjens Minne sentralt på Ål, sin første bursdag. Alt i butikken til halv pris og marsipankake og kaffi til alle frammøtte gav eit resultat over 12 000 kroner på to dagar.

Kaffi og kaker til alle kundane på 1-årdagen til Galleri Normisjon Ål

God resultat

Over 300 kundar ville vere med og feire bruktbutikken Galleri Normisjon Ål 24. og 25.august.Og det er grunn til å feire: Bruktbutikken har omsett for over 420 000 kroner det første året. Det er 120 000 kroner over målet som styret hadde sett på 300 000 kroner. Butikken har ope tre dagar i veka, torsdag – laurdag. Med lav husleige og elles lave kostnader blir det ein god sum som kan overførast til butikken sine prosjekt: Nybrottsarbeid i Senegal i regi av Normisjon sentralt og arbeid for barn og unge gjennom Acta i region Vestfold og Buskerud av Normisjon

Får skryt

Medarbeidarane på Ål rapporter om butikk og lager som bugnar av varer, og målet med salet denne bursdagshelga var å få unna ein del slik at det blir plass til å ta inn nytt. -Me selde mest småting og ein del små møblar som stolar o.l. Og ein god del dameklær, mest stor størrelse og billige t-skjorter, fortel Gunnvor Kreken som saman med Berit Marie Opsata og øvrige styremedlemmer er leiar for bruktbutikken Galleri Normisjon Ål. Gunnvor sier dei som leiarar for butikken er godt nøgd med å ha fått ut ein del varer. Litt skryt av butikken vanka det også. Det er mange som seier vi har flotte varer og at det er ryddig og fint i butikken vår, fortel Gunnvor.

Erstattar julemessa

Korleis synes du det har vore å drive bruktbutikk for Normisjon på Ål dette første året? Det har vore nok å gjere, men jammen har det vore moro og, seier Gunnvor Kreken. Medarbeidarne er så positive heile tida, det gjer det kjekt å halde på. Gunnvor sier butikken har erstatta den store julemessa dei før hadde i Hallingdal. Det var ikkje så populært lenger og vi lurte på kva vi skulle finne på for å samle inn pengar til misjon ute og heime. Så kom dette med bruktbutikk og Galleri Normisjon opp, og det er vi svært nøgd med at vi blei med på.

Glimt frå Galleri Normisjon Ål på 1-årsdagen.