Vekas «engel»

Ingunn Moi, Signe Eggebø og Sigmund Eggebø tok i mot «Vekas engel» frå Tysvær Bygdeblad på vegne av Galleri Normisjon Aksdal.
Tekst: Arne Sæteren. Foto: Marit Tvedt.

Heidra med engel
– Saknar du ein kopp eller eit fat i ein serie? Eller treng du berre litt trøyst og hjartevarme? Alt dette finn du i «bruktbutikken» i Aksdal.

Slik innleiar redaktøren i Tysvær Bygdeblad artikkelen sin frå då han vitja Galleri Normisjon sin butikk i Aksdal i Rogaland rett før jul. Han var der for å gje dei «Vekas engel». I desember deler lokalavisa ut ein engel kvar veke til personar eller føretak dei meiner fortener dette, ofte etter tips frå lesarane. I dette høvet var det mange lesarar som meinte bruktbutikken fortener ein slik pris.

– Stort for oss
Butikkleier Ingunn Moi, som tok i mot avisa, fortel at ho vart overraska og til Tysvær Bygdelad seier ho:

– Eg er så glad, men blei også godt lurt av dokker. Eg trudde me skulle lage ein sak om attbruk, som er så inn i tida. Men så kom eg på at det ikkje er så lenge sidan dykk var her … Men at det skulle dukke opp ein engel da, nei det er stort for oss.

Kaffi og trøyst
Avisa fortel at mange meiner at dei som jobbar i butikken er englar.

– Det er også kjekt å høyre. Me har ein del som kjem innom og får litt kaffi og trøyst. Og treng dei noko så gjer me så godt me kan for å hjelpe dei. Å sjå andre menneske er viktig for oss, seier Ingunn Moi til avisa.

Alle delaktige
Då avisa var på besøk var også styreleiar for butikken, Sigmund Eggebø og kona Signe Eggebø innom, og på vegne av butikken fekk dei to og Ingunn Moi ta i mot engelen.

– Eg trur alle medarbeidarane har gledd seg over og følt seg delaktige i dette, seier Ingunn Moi og fortel at Tysvær Bygdeblad har hatt fleire store reportasjar frå butikken.